Sider

mandag 30. januar 2012

Pink Cupcakes






I dag fekk eg storfint besøk av ei super venninne eg ikkje ser så ofte. Så da tenkte eg at eg måtte slå til med nokre supersøte rosa cupcakes. Etter at eg fikk "Love, Manuela" til bursdagen min har eg blitt heilt hekta på å laga kaker og cupcakes som ser LOVE ut:) Tenkte kanskje at rosa cupcakes er noko som høver bra til dåpen til Alva også.

Vonar alle får ein fortsatt "lovely" kveld  ♥

Love

 

søndag 29. januar 2012

Strikkalampe...






eller det er vel det ein seier på nynorsk; ei spøtalampe. Det som egentleg skulle bli ei pute enda opp som lampeskjerm. Fyrste gong eg har spøta interiørstæsj, og må sei meg ganske nøgd. Trur nesten eg må lage meg ein lampeskjerm til. Kanskje rosa som Alva kan få på rommet sitt. 

No skal eg ut å få dagens trim, så blir det kveldskos med Herr Blåbær og spøting=)

Ha ein super kveld alle:)

 

fredag 13. januar 2012

God helg!

Litt av årets julegåver på utstilling i glasskåpet. Kjekt å få visa det fram litt og veldig kjekt å få kjekke ting til jul. 

Huset er shina, trilletur unnagjort, kveldsmaten inntatt. No har eg ein date med Mr. Blåbær og sofaen. Hærle med helg.

God helg til alle sammen=)

onsdag 11. januar 2012

Kveldskos


God aften alle kjære! Litt rosa har fått plass i stova etter at alt det raude og glitrande har flytta ut. Litt trist her i huset no etter at julepynten er pakka vekk. Derfor tykkjer eg det er ekstra koseleg med litt sommarleg rosa. Har byrja på eit aldri så lite interiørspøt. Har aldri spøta noko anna enn klede før, så dette skal bli spanande. Skal sjølvsagt visa det fram når eg er ferdig. No ventar eg eit triveleg besøk og håpar at de får...

...ein fortsatt super aften=)

 

onsdag 4. januar 2012

Godt nytt år!

Godt nytt år alle mine kjære! No er jula nesten rydda ut av hus. Det einaste som er igjen er juletreet, stjerner og stakar. Det skal få stå i nokre dagar til. Er så koseleg med alle lysa i vintermørket. 

Ser fram til eit nytt år me mykje spennande. Fyrst og fremst trening!! Masse mat og snop i jula pluss nokre fødekilo som må vekk. Tok min aller fyrste skikkelige treningsøkt i dag. Herleg følelse:) Så kjem Alva sin dåp for tur, eg skal bli tante snart og til sumaren skal Herr og Fru Blåbær bli Herr og Fru heilt på ordenteleg. Altså ja...giftarmål...me skal smi oss i hymens lenkjer ♥. Det blir fantastisk!

 

fredag 23. desember 2011

God jul

Det aller fyrste juletreet i Blåbærvegen 2 nokon sinne. Hogge i Kaupangerskogen og pynta av Odin:) Rask blogging i aften, vil i grunn berre ynskje alle sammen ei RIKTIG GOD JOL=)


Stor juleklem til alle sammen:)




onsdag 21. desember 2011

Julestemning





God kveld alle der ute. No er endeleg alt klart til den aller fyrste julefeiringa i Blåbærvegen 2. Siste innkjøp er gjort unna, bakst ferdig, huset er reint, gutane har ny sveis, juletreet hogge, reine sengeklede og julestemning på plass. Gledar oss til besøk av kjære familiemedlemmar på fredag. Då blir det kos og hygge i heimen.

God natt alle kjekke=)

søndag 18. desember 2011

Jul i Blåbærvegen







I dag har mor i huset og Odin laga heimesnekra peparkakehus for fyrste gong. Må sei eg er imponert over meg sjølv, for eg var ganske sikker på at det skulle enda i knus og knas. No står peparvillaen å prydar i hallen, til skue for alle som kjem på besøk. Ellers så er julepynten komme på plass. Her har det blitt pynta litt kvar dag, inn i mellom amming og bleieskift. Me kosar oss stort med Alva, og gledar oss til julefeiring i vårt nye hus. 

No får eg få med meg slutten av Norge - Frankrike...HEIA NORGE=)

Ha ein fortsatt fin 4. søndag i advent!

søndag 27. november 2011

Alva er her

God kveld alle kjekke der ute. 1. søndag i advent og eg er endeleg klar for litt blogging igjen. 11.11.11 fekk me endeleg helsa på den lille og søtaste jenta som me har venta på i 9 månader. Heilt fantastisk følelse å bli mamma igjen, og lille Alva er heilt nydeleg. Me kosar oss glugg, og har tenkt å nyta tida framover. Sidan datoen vart årets mest spesielle, vart me kontakta av aviser, radio og lokal-TV den dagen ho vart født. Her kan du lesa det eine innlegget i lokalavisa her i Sogn. Ho vart født kl. 01.02 på natta, den 11.11.11. Har spøka ein del om at ho burde ha komme kl.01.01, 11.11.11!! =)

Skal koma attende med litt bilete etterkvart.

Ha ein fortsatt koseleg 1. advent=)

lørdag 5. november 2011

Love, love, love





Dei siste dagane har vore fylt med kjærleik, eller hugleik om du vil. Onsdag hadde mor i huset bursdag og torsdag hadde Odin bursdag. Me hadde også håpa litt på at lille bebisen skulle komma fredag. Då hadde det blitt bursdag 2.,3. og 4. november her i hus:) Men neida...eg rugar fortsatt, så det er berre å smørja seg med tolmod. Termin på onsdag. SPENNANDE=) 

Uansett så har det vore mykje hugleik i hus. Masse kjekke folk har vore innom og gjeve oss mykje merksemd og gåver. Stas:) Fekk vakre blomar av Herr Blåbær, og av mi eine syster fekk eg uventa den nye boka av Manuela, "Love Manuela", frå Passion4baking, min favoritt bakeblogg:) Masse hærlege oppskrifter, gledar meg til å testa. (Må berre venta til eg har født fyrst).

Ha ein suuuper laurdagsaften alle kjekke der ute=)