Hei og hopp og god aften igjen! Liten etterpåskeoppdatering frå meg i kveld. Brukte litt av påsken til Påskerock i Årdal. Heilt fantastisk artig, og håpar det vert til neste år også. Kjekt å vere med på noko som er heilt det motsatte av mammapermisjon. OG veldig kjekt å synga saman med flinkaste Mocijenta mi:)
Litt ting som skal skje framover i heimen no. Alva skal flytte inn på eige rom, og eg held på å innreie rommet hennar. Skal sy gardiner og har tråla rundt på veven etter ein fin sengehimmel. Må lage litt stas for søte Alva:) Stovebordet som svigerfar har laga er også ferdig. So no gjenstår det berre å beise det. Eg vart kjempenøgd med resultatet, skal visa det fram når det er klart.
Ha ein framleis nydeleg aften :)